Hvor og når
Laurdag 25 oktober
kl 09.00- 16.00
For dei som kjem kvelden før, eller er frå Ulvik så er du velkommen til førebuing frå kl. 18.00 fredag 24 oktober.
Hjeltnes, Ulvik
Påmelding
kurset er fult. 23 sept. 2025
sjå annonse for ekstra kurs fredag 24 oktober. samme påmelding her:
Fagansvarlig
Bodil Nordjore
kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Bodil brenner for dei lærande hendene, i dag er vi i ferd med å miste kunnskapen om å bake mellom anna potetkaker, ganske enkelt ved at vi ikkje lenger kopierer frå generasjonen før oss. På dette kurset får potetkaka sitt eige kurs der Bodil gir deg basiskunnskapen du treng for å meistre deig og steike perfekte potetkaker.
Kursinnhold
Kurs i baking av potetkaker
Velkommen til kurs som gir deg kunnskapen om å kunne bake dine eigne potetkaker enten du skal bake til deg sjølv i din serveringsstad, skal bruke kunnskapen privat eller tenker å etablere bedrift for bakst av hellebakst.
Målgruppe – alle som vil lære seg å bake potetkaker. Driftar du serveringsstad og skal servere huset potetkaker – ja då passar dette kurset ekstra godt.
Du treng ha med: forkle og hovudplagg, innesko. Kjevle om du har sjølv, glatt. Steikespade og fjøgel, samt eigna boksar/innpaking til å ta med ferdiglaga produkt heim.
Innhald:
- Råvare og teori om potet, mjøl, konsistens og tilsettingar.
- Potetkaka si historie, kommunikasjon og marknaden i dag.
- Utstyr, deig og konsistens, steiking, lagring og oppbevaring.
- Kurset er praktisk, der vi deler oss i stasjonar, øver og praktiserer til teknikken set.
Pris og betingelser
Kursavgift kr. 800,- inkluderer lunsj og produkt med heim.
Spørsmål? Ta kontakt:
Vest-Norge
Aud Slettehaug
dagleg leiar



