Kurs i Flatbrød

2. juni 2025
2. juni 2025
Fagskulen Vestland avd. Hjeltnes
Praktisk kurs, lær deg å bake ditt eige flatbrød enten du skal bake til deg sjølv i ditt serveringsstad, skal bruke kunnskapen privat eller tenker å etablere bedrift for bakst av flatbrød og hellebakst.
flatbrød

Hvor og når

Mandag 2. juni 2025
kl. 10.00 – 17.00

Ulvik, Fagskulen Vestland, Hjeltnes/Hardanger Produksjonsskole

Påmelding

Kursavgift inkl. lunsj og produsert flatbrød

Fagansvarlig

Marianna Longo, fagansvarlig for kurset. Ho har bachelor fra Italia i «Gastronomic Sciences» og en master i pedagogikk. Jobba hos Kvitnes Gård i Vesterålen og en periode på Restaurant Rest i Oslo, erfaring fra hele verdikjeden. Marianna underviser på matkulturstudiet i Fagskulen Vestland  i fagene kjemi og biologi, plantefaget, bærekraftig matproduksjon og alkoholfrie drikkevarer.

Bodil Nordjore, kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Engasjenetet for brauet er særleg stort for Bodil, flatbørdet – det som fram til 1900 var brauet i Norge – finst det noko meir beredskapsorientert produkt? Bodil brenner for dei lærande hendene, i dag er vi i ferd med å miste kunnskapen om å bake flatbrød ganske enkelt ved at vi ikkje lenger kopierer frå generasjonen før oss. På dette kurset får flatbrød sitt eige kurs der Bodil gir deg basiskunnskapen du treng for å skape ditt eige flatbrød – brau.

Kursinnhold

Kurs i flatbrødbaking

Velkommen til kurs som gir deg kunnskapen om å kunne bake ditt eige flatbrød enten du skal bake til deg sjølv i ditt serveringsstad, skal bruke kunnskapen privat eller tenker å etablere bedrift for bakst av flatbrød og hellebakst.  

Målgruppe – alle som vil lære seg å bake flatbrød. Driftar du serveringsstad og skal servere huset flatbrød – ja då passar dette kurset ekstra godt.

Du treng ha med: forkle og hovudplagg, innesko. Kjevle om du har sjølv. Fjøgel og boksar til å ta med flatbrød heim.

Innhald:

  • Råvare og teori om mjøl, smak og tilsettingar.
  • Brødet si historie, kommunikasjon og marknaden i dag.
  • Utstyr, kjevleteknikk, steiking, lagring og oppbevaring.
  • Kurset er praktisk, der vi deler oss i stasjonar, øver og praktiserer til teknikken set.

Pris og betingelser

Pris: kursavgift inkl lunsj på Hjeltnes kr 800,- per person. Betaling i lenke.

Kursdeltaker får med flatbørdet ein lagar heim.

Spørsmål? Ta kontakt: