Brødbaking i vedfyrt omn

11. november 2025
12. november 2025
Bergsdalstunet

Hvor og når

11 og 12 november 2025
tysdag kl. 16.00 – onsdag kl. 16.00

Bergsdalstunet

Påmelding

Her betalar og melder du deg på kurset

Fagansvarlig

Bodil Nordjore

kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Bodil brenner for dei lærande hendene, brødbaking er viktig i norsk kosthald og tradisjon. Sprø skorpe, god smak og høg kvalitet – visuell nyting og duft.

Bergsdalstunet er vertskap for kurset, Olaug og Helge Terje har vore vertskap for mange kurs for oss i Kompetansenettverket og bakaromnen er hjarte i huset, midt i serveringslokalet. Ved frå eigen skog og varmen frå omnen frå vi startar til vi går.

Velkommen til bakemagi i november.

Kursinnhold

Velkommen til eit sikkeleg bakekurs i børdbaking. Gjennom bruk av gamle mjølsortar som emmer, spelt, rug og bygg får vi fram smakar som gjev det daglege brødet ein ny dimensjon. Kva skjer når vatn og mjøl får tid nok i lag, når smak får utivkle seg. Vi tek oss tid til heile prosessen, går gjennom mange ulike typar mjøl og oppskrifter.

  • Autolyse i gamle mjølsortar
  • Grove brød, lang heving, kald deig og surdeig.
  • Julebrød, fint mjøl
  • Fyring i vedfryt omn

Du må ha med:

  • baketrau eller stamp
  • innesko, forkle og skaut
  • noko å ha ferdig bakst i

Pris og betingelser

Kurs inkl måltid tysdag kveld og lunsj onsdag, børd med heim kr. 1 200,-

overnatting kr. 1000,- betaler til Bergsdalstunet.

Spørsmål? Ta kontakt:

portrait of  Aud Slettehaug

Vest-Norge

Aud Slettehaug

dagleg leiar