Hvor og når
Fredag 11 september 2026
KL: 11:30 – 17:00
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Påmelding
Du betalar ved påmelding i lestreg her.
Fagansvarlig
Elise Standal Moen er utdanna kokk, har lang erfaring som kjøkkensjef på Sogn Jord- og Hagebruksskule, kanskje landets beste kantine med lokale økologiske råvarer. Der brukar Elise mykje sylta grønsaker i matlaginga.
Kursinnhold
Bevaring av grønsaker i eddiklake er ein tradisjonell og praktisk metode for å konservere grønsakene over lang tid. Beredskap i praksis. Vi kjenner igjen rødbetar på glas frå butikken, men i teorien kan alle typar grønsaker leggast i eddiklake. Enten du skal konservere for eigen heim eller bruke i servering lærer du deg i dette kurset trygg konservering. ‘
Det er god økonomi i å ta seg tid til å bevare grønsaker som i fersk tilstand har kort haldbarheit. Du som dyrker kan ta vare på grønsaker som kanskje ikkje har den rette forma for å selje i gardsutsalet og på den måten minske svinn, få eit produkt til å selje.
Sett farge og smak.
Så er det jo moro å sette farge på knutekålen, snitte rødkål veldig fint og få ein delikat ferdig salat rett frå glaset med ein spennande smak som kan gå rett på tallerkenen og overraske gjesten.
Driv du serveringsstad kan du bruke slike grønsaker som ingrediens i svært mange rettar, og det er praktisk og lønnsamt. Uansett bruk og ambisjonar – velkommen til kurs.
Tid: Fredag 11. september 2026
Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule
Kr. 800,- du får med deg heim det vil lagar og inkl. lokal lunsj.
Ta med, innssko, forkle og glas (brukte ok) opp til 600 ml.
Kurset er praktisk og passar for deg som vil lære deg å konservere grønsaker for vinteren.
Passar også for deg som driv gårdrestaurant, matservering, markedshage eller vil selje foredla grønsaker direkte frå garden.



