Hvor og når
19 september til 22 september
Du bestemmer sjølv flyrute og kan avtale ankomst sjølv, vi er på staden og guidar 19-22 september.
Påmelding
For påmelding send epost til aud.slettehaug@vlfk.no
For spørsmål om reiserute kontakt: mail@osteperler.no
Jan Peter Aursnes, Osteperler
Tur til Cheese 2025, Bra Italia
Cheese er den største internasjonale mønstringa for ostar av rå mjølk. Det er ei utandørsmesse i den vesle byen Bra i Italia. Her møtast innkjøparar og seljarar av ostar frå heile verda til konferanse, salgsmesse og smakeseminar. Slowfood har ei eiga ordning for presidumprodukt der to norske ostar er tatt opp, Geitost frå Sogn og Pultost Innlandet.
Vi har booka hotell i Alba og tek toget til og frå messa. Dette er praktisk då hotell inne i Bra er svært dyrt og lite kapasitet. Du kan sjølv velje om du vil leige bil og ha bil sjølv, parkering utanfor Bra er då best og så tek du messebussen til og frå parkeringa.
Messa har rundt 200 000 besøkande kvart år. Det er mykje presse her som gjer at produsentane som er her viser seg frå si aller beste side. Skal du smake på ostar frå heile verda er dette ein effektiv stad å få oversikt. Er du ny som osteprodusent skaffar du deg raskt eit godt bilde av kva landskap av ost kan vere.
Ta deg tid til norke smakeseminar, vi legg opp til fagseminar vi deltek på. Besøker utvalgte produsentar og nokre ostelager i området. Du kan delta på vårt program eller arbeide med dine eigne ting.
Kostand: du dekker sjølv reise, opphald og mat. Forsikring må du ha på plass sjølv. Vi har ikkje reiseansvar på denne turen, vi legg til rette for at vi kan bu på same plass, oppleve messa i lag og hjelper til med å peike på reisealternativ til og frå Alba. Du som vel å bli med er ellers ansvarleg for reisa som ei privat reise.
- Opplev Cheese sjå denne reportasjen https://www.youtube.com/watch?v=ZrK5Gi0s09k
- Ost av rå mjølk frå heile verda
- Tema for Cheese 2025 er ikkje introdusert endå, skjer i slutten av mai. For 2023 var det beitelandskapet som stod i fokus – meir om det kan ein lese her https://cheese.slowfood.it/en/press/slow-food-pastoralism-saves-the-meadows-guarantees-regeneration/
Pris og betingelser
Deltakar dekker at av reise, mat og praktiske kostander sjølv. Vi bestiller ein del billetter til smakeseminar på førehand som de betalar til oss etter kvart som vi deler ut billetter under turen. Pris for overnatting frå ein hos mail@osteperler.no
Spørsmål? Ta kontakt:

Vest-Norge
Aud Slettehaug
