Hvor og når
Tysdag 6 oktober til onsdag 7 oktober 2026
Tidspunkt for oppstart kan bli endra – (syrning på fersk mjølk som kan måtte starte før)
frå kl 11.00 tysdag – til 16.00 dag to.
Kandal Ysteir og gardsmat, Kandal
Påmelding
Informasjon om påmelding kjem her
Kurslærar
Bo Jensen har sjølv vore ein pioner innan denne typen norske geitostar. Osten Lille Aske fekk Super Gold under World Cheese Awards i London i 2017, og vart trekt fram av Osteperler som eit særleg godt norsk døme på modna kremost av geitemjølk med melkesopp.
På kurset vil Bo dele kunnskap og erfaring om korleis ein kan bruke den gode geitemjølka til å utvikle fleire norske ostar i denne tradisjonen. Vi skal arbeide praktisk med ysting og sjå på kva som skal til for å få fram dei fine kvalitetane i ein fersk og mjuk geitost – frå mjølk og syrekultur til konsistens, skorpe, modning og smak.
Kursinnhold
Vi har fantastisk geitemjølk i Noreg – men vi har framleis få norske ostar i den store familien av ferske og mjuke, syrna geitostar som vi kjenner frå Frankrike. Chèvre er eit godt døme: små, mjuke ostar med frisk syre, kremet konsistens og eit stort spenn i uttrykk. I norsk samanheng finst det gode døme, men dette er framleis ein relativt liten del av ostemangfaldet vårt.
Det er nettopp dette vi ønskjer å utforske når vi inviterer ystar Bo Jensen til kurs. Med utgangspunkt i geitemjølk av topp kvalitet skal vi lære meir om dei lactic-baserte ostane – ferske og mjuke ostar der mjølkesyrekulturane får ein sentral rolle i utviklinga av syre, konsistens og smak. Modning med melkesopp, som Geotrichum candidum, er også karakteristisk for mange av dei klassiske chèvre-ostane.

Forstå lactic-ostane: Få kunnskap om kva som kjenneteiknar ferske og mjuke syrna geitostar, og korleis syrekulturar, mjølk og prosess påverkar syre, konsistens og smak.
Lage ost i praksis: Lære ein praktisk ysteprosess frå råvare og syrning til forming, salting og vidare behandling av osten.
Arbeide med skorpe og modning: Få innsikt i korleis mjølkesopp og modning kan utvikle smak, aroma, konsistens og utsjånad i mjuke geitostar.
Utvikle eigne ostar: Få verktøy og kunnskap til å utvikle fleire norske lactic-ostar av høg kvalitet – tilpassa eiga mjølk, produksjon og marknad.
En lactic-ost (også kalt syrnet ferskost eller modnet ferskost) er en ostetype som koagulerer hovedsakelig ved hjelp av melkesyre og en minimal mengde løype
Dersom du vil lage kremoster av kumjølk er det mogeleg å delta på kurset, få den praktiske kunnskapen og teknikken.

Stad og vertskap
Kurset blir halde på Kandal ysteri og gardsmat i vakre Kandal i Gloppen kommune – midt i geita sitt heimland på Vestlandet. Familien Kandal har bygt opp brunostkokeri, kafé og produksjon av mat frå mjølk og kjøt. Vi får vere i det nye, vesle ysteriet for kvitost, der Solveig og Erlend Kandal tek imot oss.
Pris og betingelser
Kurset går over to dager, overnatting er ikkje inkludert i kursavgifta. Begrensa tal plassar er 8, så ver rask med påmelding.
kr. 1 890,- inkl kursavgift, oster med heim til modning, og alle måltid under kurset.
Overnatting tysdag til onsdag – bestille hos Kandal Ysteri, kr 1000 per deltakar inkl. frukost.
Spørsmål? Ta kontakt:
Spørsmål? Ta kontakt:
Vest-Norge
Aud Slettehaug
dagleg leiar
Vest-Norge
Kathrin H. Aslaksby
prosjektmedarbeider og budeie



