Kostnadskalkulering

8. desember 2026
–
9. desember 2026
Knarvik, Helsehuset
Velkomen til eit praktisk kurs i kostnadskalkulering, rekalkulering og prisfastsetjing. Her får du hjelp til å gå grundig gjennom økonomien i eiga verksemd og byggje produktkalkylar frå botnen av som gir deg kontroll – ikkje berre i dag, men også i åra framover. Endrar prisen på straum seg veit du med ein gang kva du må endre prisen din til for å sitte att med same overskotet.

Hvor og når

Tysdag 8 desember kl. 11.30 til onsdag 9 desember 16.00
11.30-17.00 og 08.30-16.00

Knarvik, Helsehuset

Påmelding

Registrer interesse og meld deg på kurset 8 og 9 des.

Fagansvarlig

Viggo Johannesen leiar deg gjennom ein måte å allokere kostandar til prosessen i produksjonen. Kostnadskalkulering for produksjonsprosess der vi ser på innsatsfaktorar og inndata, set dette opp i eit reknestykke med direkte og indirekte kostnader samt arbeid. Når innsatsfaktorane endrar seg i pris veit du kor mykje produkteiningane treng av faktoren og du kan endre prisen og framleis nå målsetting om overskot på drifta.

Frode Kristensen, Salgslagets grunnlegger og daglig leder. Siviløkonom med markedsføring og logistikk som spesialisering, og begge avdelinger i Matkulturstudiet ved Universitetet i Bergen. God mat og drikke er Frodes livsstil, jobb og hobby. Siden 1982 har han jobbet med produkt og markedsutvikling, salg og markedsføring av mat og drikke i dagligvare og HoReCa, nasjonalt og internasjonalt, i spennet fra Nestlé (Findus) til Den Lille Nøttefabrikken. Han har både startet og bygget opp selskaper innenfor dagligvare og helsekost. Siden 1997 har han jobbet i flere selskaper med å bistå små og mellomstore produsenter av mat og drikke slik at disse tjener penger, har et godt liv og kan leve av det de driver med. Kristensens lange erfaring og brede kontaktnett bruker han til rådgivning, kurs og foredrag i Salgslaget

Kursinnhold

Har du kontroll på kva produkta dine kostar å framstille?


Gode kalkylar gir betre kontroll, tryggare prissetting og gir grunnlag for planlagt lønnsam drift – også når kostnadene endrar seg.
Råvarer, emballasje, straum, transport og arbeidstid. Kostnadene ved å produsere og selje lokalmat og drikke endrar seg stadig. Men veit du kva det betyr for lønnsemda i produkta dine om straumen går opp? Og veit du kva du må ta betalt for å sitje att med eit stort nok overskot?


Bygg eit kalkyleverktøy du kan bruke år etter år
Saman med Viggo Johannessen lærer du ein systematisk metode for å fordele kostnadene på dei ulike produkta og produksjonsprosessane dine. Vi ser på råvarer og andre innsatsfaktorar, direkte og indirekte kostnader og arbeidstid. Målet er å finne den reelle kostnaden ved å produsere kvar enkelt vare.


Du arbeider med eigne tal, tidlegare rekneskap, fakturaer og eksisterande produktkalkylar. Gjennom praktiske øvingar byggjer du opp eit rekneark der du kan justere prisar på innsatsfaktorane og sjå korleis dette påverkar kostnaden per produkteining og kva du må ta betalt.


Du sit att med eit gjennomarbeidd kalkyleverktøy som du kan oppdatere og bruke vidare når råvareprisar, lønskostnader, emballasje, straum eller andre utgifter endrar seg.

Frå kostnadskontroll til betre lønsemd
Ei god produktkalkyle handlar om meir enn å finne ein utsalspris. Ho gir deg eit betre grunnlag for å vurdere:

Kva kostar det faktisk å produsere kvar enkelt vare?
Kva kostnader må fordelast på produkta, og kva er dei reelle indirekte kostnadene?
Kva skjer med lønsemda når innsatsfaktorane aukar i pris?
Kva pris må du ta for å sikre dekning for kostnadene og eit ønskt overskot?
Kva produkt tener du pengar på – og kva produkt bør du kanskje vurdere på nytt?
Kva betyr val av distribusjons- og salskanal for lønsemda?

Vi ser også på korleis kalkylane kan brukast aktivt i marknadsarbeidet. Prisfastsetjing handlar både om kostnader, kundar, marknad og kva verdi produktet ditt har i ulike situasjonar. Du får arbeide med ulike alternativ og vurdere korleis du best kan posisjonere produkta dine.

Eit verktøy for framtida
Målet er at du ikkje skal måtte starte på nytt kvar gong kostnadene endrar seg. Med gode grunnkalkylar og eit gjennomarbeidd rekneark kan du enkelt oppdatere føresetnadene, rekne ut nye kostnader og vurdere behovet for prisjusteringar.
Du får betre oversikt, større tryggleik i møte med kundar og eit betre grunnlag for økonomiske avgjerder.

Ta med dine eigne tal – og reis heim med kalkylar og eit verktøy du kan bruke i den daglege drifta i mange år framover.
Ta med egen PC med Excel – det går å bruke google sitt rekneark.
Ta med prislister på de varene de kjøper inn.
Samt reseptar på dei produkta du lagar (mengder og råvarer)
Logg over arbeidstid
Rekneskap, driftsregnskap siste åra.

Dei 4 P’ane

Når ein driv ei bedrift som produserer varer for ein marknad kan vi dele funksjonane til bedrifta inn i 4 punkt:

1.      Sjølve Produktet med råvarekostnad og tilverking,

2.      Kommunikasjonsarbeid inkl. varedeklarering, PR

3.      Distribusjonskostnadar og val av kanalar å selje produkta i, Plass.

4.      til slutt Prisen som kunden til slutt betaler for alt saman.

Kjelde: Kotler sine 4 P’ar. Markedsmiksen.

Har ein ikkje god nok pris så endar ein opp med å tape pengar undervegs. Og har ein for høg pris i forhold til konkurrentar så vil ein få lågare sal så lenge det er nok varer i marknaden då. Inflasjon påverkar oss. Det finst måtar å rekne på dette, men for å få det til må ein jobbe systematisk med si eiga kalkyle. Produsentar som var på Knarvik har eit slikt verktøy, det tek minst ein dag eller to å sette det opp – ynskjer du å få på plass ei slik kalkyle for di bedrift så har vi verktøyet, folka som kan dette står klare til å tilby kurset 7 og 8 desember eller 8 og 9 desember. Ynskjer du å sette av tid til dette arbeidet alt no før jul har vi mogelegheit for å få til det. Dvs. at du får på plass rett pris i forhold til dine produksjonskostnader. Det kan føre til at enkelte produkt må endre seg, og det skal vi ta videre etterpå.

Når du veit rett pris vert det enklare å posisjonere varene i marknaden, velje kanalar og trykke på dei rette kommunikasjonsverktøya. Ikkje sjå på kva andre gjer  –  du må ha ein slags plan ut frå det kostnadsbildet di bedrift har.

Tre viktige faktorar vi set søkelyset på i gard til marknad:

1.      riktig pris og kostnadsfokus

2.      bli funnen i ein bitte litt kaotisk kommunikasjonskvardag

3.      ha kontroll – å vete kva som gjelder, ha fokus på det sjølv, dine mål og dine val.

Pris og betingelser

Kurset 8-9 desember har ikkje deltakaravgift. Mat og drikke kan du ta med eller kjøpe på staden. Etter nyttår kjem ei deltakaravgift på kr. 1500,- for desse kursa inkl mat for ein person. Bedrift med to deltakarar kr. 1900,-.

Spørsmål? Ta kontakt:

portrait of  Aud Slettehaug

Vest-Norge

Aud Slettehaug

dagleg leiar