Kvar og når
måndag 2. mars til – tysdag 3. mars
Sogn Jord- og Hagebruksskule
kl. 15:00 oppstart, avsluttar til kl. 16.00 3. mars.
Påmelding
Du betalar når du melder deg på:
Fagansvarlig
Even Hov – tradisjonsberaren ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Even Hov har vakse opp med ysting av både kvitost og brun ost. Brimost er ubroten tradisjon i Sogn. I dag fører han tradisjonane vidare som fjøsmester og lærar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Med stort engasjement for stølsdrift og handverk har han ansvar for drifta på vakre Sinjarheim i Aurlandsdalen, der elevar får vere med på ekte stølsliv: handmjølking, ysting og koking av brimost slik det har vore gjort i generasjonar.
Hos Even sit tradisjon, stoltheit og praktisk kunnskap i hendene.
Kuransvarleg:
Kathrin H. Aslaksby engasjert som fagansvarleg for ystekurs i Kompetansenettverk lokalmat Vest. Ho er utdanna pedagog og praktiserer som budeie med solid fagkompetanse innan mjølkeforedling og seterdrift. Ho har også mange år bak seg som sekretær i Norsk Gardsost. Frå Olestølen i Valdres har ho skapt ei levande seter med geiter i sentrum – der kunden frå oppleve stølsliv i praksis med kurs, kulturformidling, lærestad for praktikantar og formidling av norsk ystetradisjon.
Ved Sogn Jord- og Hagebruksskule er ho engasjert både med fagskulen i handverksysting og koordinering av praktiske kurs i ysting.
I 2025 vart ho tildelt Seterprisen for sitt framifrå arbeid med å utvikle og formidle levande seterkultur.
Kursinnhold
Kurset er lagt opp som eit praktisk kurs med tilhøyrande teori. Vi ystar kvitost og brunost av fersk ku- og geitemjølk (blanding), med fokus på Brimost frå Sogn som har Slow Food presidium status. Kurset eignar for både nybegynnarar og deg som har erfaring med handverksforedling av mjølk.
Målet med kurset er å gi deltakarane ei forståing for produksjonen av brunost generelt, ulike typar brunost, råvarekunnskap og mattryggleik. Vi går gjennom behov for utstyr og du får god innsikt i dei ulike delane av produksjonsprosessen, samt emne som emballasje og sal av produktet. Det vert brukt mjølk frå både ku og geit.
Kurset tek føre seg:
- Praktisk ysting av kvit og brun ost – med fokus på Brimost frå Sogn som eksempel
- Produktskildring og variantar
- Flytskjema og HACCP
- Råvare kunnskap mjølk
- Utstyr – kokekar, røreverk og varmekjeldar
- Oppkoking og innkoking
- Ta osten av varmen – kaldrøring og forming
- Emballasje, merking og sal
Pris og betingelser
Pris, kr. 1200,- per deltakar, overnatting og frukost kjem i tillegg. Inkl. brunost med heim.
Påmelding ved betaling i lenke til venstre. Dersom spørsmål om kurset send til: paamelding.sjh@vlfk.no her melder du også behov for overnatting.
Dag 1 – Måndag 2. mars (15.00–21.00)
Frå mjølk til myse
- Presentasjon og innleiing om brunost
- Ysting av kvitost av nysila geit- og kumjølk
- Oppkok av myse i eldhuset
Vi nyttar heile mjølka og viser samanhengen mellom kvitost og brunost. Du lærer den tradisjonelle framgangsmåten som har vore – og framleis er brukt i Sogn.
Dag 2 – Tysdag 3. mars (08.00–16.00)
Brimost i praksis og teori
- Fyring og innkoking av myse i brunostkjele
- Historia om Brimost frå Sogn
- Teori om brunost: kjemi, utstyr og emballering
- Slow Food-presidium for Brimost frå Sogn
- Kaldrøring, forming og pakking av ferdig brunost
Kurset kombinerer handverk, historie og fagleg fordjuping – med tett oppfølging frå to erfarne fagpersonar.
Spørsmål? Ta kontakt:
Vest-Norge
Kathrin H. Aslaksby
prosjektmedarbeider og budeie



