Julepålegg

5. desember 2026
–
6. desember 2026
Bergsdalstunet
Lær å lage sylte, rullepylse, ribberull, viltpate og leverpostei. Råvarene er av hovud, sideflesk, knoke, svange, lever – koke, røyke, sette saman og binding. Kurset passar for deg som vil undresøke, forske litt og finne dine unike smakar. Tradisjonane lever berre vidare om vi brukar dei – på kurset får du også ta del i smaking, kunne lære deg formidling av historia bak produkta og lære bruk i andre samanhengar enn jul. Du får med deg produkt heim, så i år lagar du julepålegget her.

Hvor og når

5 og 6 desember 2026
Kl 11.00 dag 1 – til 15.00 dag 2.

Bergsdalen, Voss

Påmelding

Betaling og påmelding her

Fagansvarlig

Bodil Nordjore

Bodil Nordjore er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ein ettertrakta føredragshaldar med stor kunnskap om norsk matkultur og mattradisjonar. Ho er særleg oppteken av tradisjonsmaten der råvarekunnskap og handverket som ligg bak må sitte i kvar og ein av oss. Med eit sterkt engasjement for å ta vare på og vidareføre norsk matkultur ved at vi lagar det frå grunnen av, serverer i våre heimar og til kundar i alt frå restaurant, gardsutsal og hotell. Bodil arbeider òg med ei doktorgradsavhandling om matkultur.

Som kurslærar kombinerer Bodil praktisk matlaging med fagleg innsikt og historisk kunnskap. Ho har mellom anna skrive om julemat og norske mattradisjonar, og er ein dyktig formidlar av kunnskap om kjøt, tradisjonell foredling og råvarene som har forma matkulturen vår.

Kursinnhold

Lær å lage sylte, rullepylse, ribberull, viltpate og leverpostei. Her er vi interesserte i å nå både deg som er på idestadiet for foredling for sal frå eigne råvarer eller deg som er erfaren, men kanskje vil utforske ein ny resept. Har du ikkje firma og ynskjer å rett og slett lære deg handverket velkommen også.

  • Du får med deg produkt heim etter kurset: sylte, rullepylse og posteiar.
  • Vi går gjennom grunnsamkane i julematen, krydder, tradisjonar og dertil haldbarheit av produkta, kvifor lagar vi dette så tett opp til jul.
  • Slaktetida, råvarer og det å få tak i gode nok råvarer.
  • Planlegging av koketid, resnings og tillaging – kurset er praktisk, difor må du sette av nok tid.

Vi tek oss tid til å bli kjende med råvarene, smakane ein tilsetter og metodane for å få smidig og fint pålegg. Gjennom praktsik øving får ein prøve sjølv, sette saman si eiga slyte og rullepylse.

Du vil få smake på meir pålegg enn vi lagar på kurset, dette for at du skal få overiskt og inspirasjon til å sette igang meir utprøving heime.

Pålegg er ikkje berre til jul – det er kanskje blitt marginalisert eller i fare for å bli det når smakane vert like. Driv du serveringstad, kan det å lage sitt eige pålegg vere smart for å differensiere seg frå standarden. Då kan tradisjonsmaten ver ein fin stad å hente slik inspirasjon. Tek ein pate eller postei frå Italia eller Frankrike har dei sine variantar – vi har våre i Norge.

Legg du ned sild sjøvl? Ikkje – då kan vi love ei overrasking, Sild er også eit pålegg som bør få skine meir.

Enten du er opptatt av tradisjon, teknikk eller ynskjer å komme igang med ein postei – vi har ein rød tråd gjennom kursa våre denne hausten – godt surdeigsbrød treng pålegg. Og be jegeren i huset om å ta vare på den levra frå ungdyra på hjorten dei skyt. Frys ned – råvarer er ikkje så lett å skaffe over natta, må planleggast litt. Vi får varer frå Voss Gardsslakteri til dette kurset.

Pris og betingelser

Kr. 2500,-

Du får med deg varer heim etter kurset, mat og drikke undervegs er inkludert. Overnatting kjem i tillegg – må bookast på tlf. 932 13 213 Bergsdalen. Kr 1000,- inkl frukost.

Spørsmål? Ta kontakt:

portrait of  Aud Slettehaug

Vest-Norge

Aud Slettehaug

dagleg leiar