Hvor og når
måndag 2. november
Knarvik
kl. 11.30 – 17.00
Helsehuset, Knarvik
Påmelding
Informasjon om påmelding her
Fagansvarlig
Aud Slettehaug
Dagleg leiar ved Kompetansenettverk Lokalmat Vest og Sogn Jord- og Hagebruksskule. Utdanning innan marknadsføring, økonomi og handel frå Høgskulen i Sogndal, University of Oregon og merkevareleiing frå NHH. Erfaring frå sal i andre bransjar har gitt meg eit sterkt endringsfokus og forståing for marknaden.
Eg hjelper deg å ta dei rette marknadsføringsgrepa, byggje ei tydeleg merkevare og rigge verksemda for økonomisk styring og lønsemd. Saman med dyktige fagfolk hjelper eg deg å finne vegen vidare.
Oversikt over fagfolka til samlingane kjem her:
Fagleg påfyll, inspirasjon og konkrete verktøy for deg som produserer lokal mat og drikke.
På Knarvik måndag 2 november set vi særleg søkelys på:
Emballasje – nye krav om miljø, strategi for emballasje og kostnader.
Det kjem nye krav til rapportering av forbruk av emballasje, og produsentar må forhalde seg til retursystem og litt nytt regelverk frå i år av.
Vi går gjennom det viktigaste for alle type næringsmiddel på denne samlinga, med særleg fokus på emballasje og retursystem. Innan 1. januar 2030 er målet at all emballasje skal vere gjennvinnbar. På denne samlinga får du god oversikt over kva som gjeld for din produksjon.
Merking og haldbarheit – kort informasjon
Repetisjon frå samlinga på Svanøy 19 oktober. Kva må vere på plass? Kva bør du vere særleg merksam på? Og kva gjer du dersom eit produkt må kallast tilbake?
Temaet vert laga artikkel på og film tilgjengeleg her etter 19 oktober. Passar både for deg som er heilt fersk produsent og for deg som har produsert næringsmiddel i mange år.
AI-agenten – din nye samarbeidspartnar – dette temaet vert med på alle samlingane. AI endrar måten kundane leitar etter informasjon på. Korleis kan du sørge for at verksemda di, produkta dine og historia di blir funne, forstått og anbefalt av dei nye AI-agentane?
Vi ser på kva du bør ha på plass i kommunikasjonen din og kva som kan vere neste steg for å gjere verksemda di meir synleg og lettare å finne.
Distribusjon – kva kostar det eigentleg?
Transport og distribusjon er blitt ein stadig større kostnad. Men kva kostar det deg faktisk å få produkta frå garden og ut til kunden? Vi ser på korleis du kan rekne på distribusjonskostnadene, og diskuterer ulike løysingar. Skal du gjere jobben sjølv, eller kan det lønne seg å leige den inn? Her får du tips og erfaringar som kan hjelpe deg å ta betre val.
Betalingsløysingar og effektivisering
Korleis kan gode digitale løysingar gjere kvardagen enklare? Vi gir ei innleiing til Umami 2027 og ser på betalingsløysingar, nettbutikk og andre område der det kan vere mogleg å spare tid og effektivisere arbeidet.
Målet er ikkje å fylle på med fleire system, men å sjå på kva som faktisk kan gjere arbeidsdagen enklare.
Inspirasjon til ein travel kvardag
Som lokalmatgründer kan det ofte kjennast som om døgnet har for få timar. På Gard til marknad ønskjer vi også å gi deg inspirasjon og konkrete tips til korleis du kan jobbe smartare.
Kanskje kan ein liten endring i arbeidsmåten spare deg for mykje tid? Kanskje finst det oppgåver du kan forenkle, automatisere eller løyse på ein annan måte?
Kunnskap, erfaring og nettverk
Ein viktig del av Gard til marknad er å møtast. Gjennom samlingane får du treffe andre produsentar som møter mange av dei same utfordringane som deg. Her er det rom for spørsmål, erfaringsdeling, samtalar og nye kontaktar.
Vi tek også opp behovet for kompetanse hos tilsette, som eit innspel til planlegginga av kurs og kompetanseområde for 2027.
Vi har som mål at Gard til marknad skal vere ei skikkeleg vitamininnsprøyting – med fagleg påfyll, inspirasjon og konkrete idear du kan ta med deg heim og bruke i verksemda di.
Du kan delta på éi eller fleire av samlingane. Noko av innhaldet blir også gjort tilgjengeleg digitalt gjennom film eller artiklar, men vi meiner du får aller best utbytte av å delta fysisk på minst éi samling.
Gard til marknad 2026 blir arrangert tre stader i Vestland:
Knarvik – måndag 2. november kl. 11.30–17.00
Nordfjordeid – måndag 9. november kl. 11.30–17.00
Svanøy – måndag 19. Oktober kl. 08.00–16.00
Ankomst søndag kveld. Det er også mogleg å kome måndag morgon. Retur med båt til Florø kl. 16.30.
Vel den samlinga som passar best for deg – eller bli med på fleire!
Velkommen til Gard til marknad 2026.
Pris og betingelser
Deltakaravgift kr 600,- per samling, då får du også tilgang til alle digitale videoar frå alle samlingane. inkl. lunsj og kaffi.



