Hvor og når
Fredag 2. oktober
Kl 16-19
Spildegarden, Nedre Vik 78, Øystese
Påmelding
Eivind Vangdal tlf 906 28 035 eller e-post
Fagansvarlig
Eivind Vangdal har arbeidd med frukt og fruktkvalitet i fleire tiår og har vore tett på den sterke utviklinga i norsk sidernæring. Han har bakgrunn som forskar og rådgivar og har arbeidd særleg med frukt og sider i Hardanger og andre norske fruktmiljø.
Gjennom mange år har Eivind samarbeidd tett med siderprodusentar og samla kunnskap og erfaring om heile vegen frå frukt og råvare til ferdig sider. Han driv i dag Eivind Vangdal Siderråd AS, der han arbeider med rådgiving og formidling innan frukt, sider og produktutvikling.
Kursinnhold
For nyfikne siderinteresserte og proffe amatørar!
Under siderfestivalen i Øystese tilbyr me eit 3-timars siderkurs. Det er tilpassa deg som vil vita meir om sider og korleis sider vert laga. Kanskje lagar du din eigen sider, og treng tips om korleis sideren kan verta endå betre. Eller du har lyst til å prøva å laga sider i større omfang og treng råd om eplesortar, utstyr og kva du bør og ikkje bør gjera.
Tema er m.a.
Kva er sider? – typar og stilar; gode sidereplesortar, smakstilsetjing m.m.
Kva utstyr treng du? – frå pressing til emballasje for ferdige produkt
Gjæringsprosessen, og korleis denne kan styrast. Tilsett gjær eller spontan gjæring? Tilsetjing av sukker?
Moglege utfordringar og feil som kan koma, og korleis ein kan unngå desse
Du får smaka typiske eksempel på moderne norsk sider, smakstilsett sider og issider. Kurset vert halde på Spildegarden, og Jane orienterer om korleis dei lagar sider.
Deltakarane får tilsendt presentasjonar og skriftleg materiale som vert brukt på kurset. Og dersom du ikkje allereie har kjøpt Siderboka, kan du få kjøpt ho på kurset.
Kurset er for nyfikne siderinteresserte og proffe amatørar som lagar sider. Men det har og vist seg som ein nyttig grunnlag om du vurderer å satsa på siderproduksjon som næring.
Pris og betingelser
kr. 600,- vipps kursavgifta til 940414 Siderråd Eivind Vangdal.


