Potetkaker

5. september 2026
5. september 2026
Bergsdalstunet
Potetkaka er ein del av den norske takkebakstradisjonen, og har vore brukt både til kvardags og fest. På dette kurset lærer du å lage potetkaker frå grunnen av – frå koking og utbaking, tilsetting av mjølk og til steiking. Kurset gir deg praktiske ferdigheiter og kunnskap du kan ta med vidare i eige kjøkken. Få mattradisjonar skaper så mykje glede som nysteikte potetkaker. Lukta frå takka, den mjuke konsistensen og smaken av godt handverk gjer at dette er eit produkt kundane hugsar – og kjem tilbake for.
Takke

Hvor og når

Laurdag 5 september 2026
kl 10.00- 17.00

For dei som kjem kvelden før er det mogeleg å få seg overnatting ved Bergsdalstunet, då er du velkommen til å delta på koking av potet og eit kveldsmåltid der frå kl. 19.00 fredag 4. september.

Påmelding

Informasjon om påmelding her

Fagansvarlig

Bodil Nordjore

kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktrograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Bodil brenner for dei lærande hendene, i dag er vi i ferd med å miste kunnskapen om å bake mellom anna potetkaker, ganske enkelt ved at vi ikkje lenger kopierer frå generasjonen før oss. På dette kurset får potetkaka sitt eige kurs der Bodil gir deg basiskunnskapen du treng for å meistre deig og steike perfekte potetkaker.

Kursinnhold

Velkommen til ei praktisk kurs i baking av potetkaker. Vi lagar potetkaker frå botnen av med kokte poteter. Ulike poteter oppfører seg ulikt i møte med mjølet. Det tradisjonelle mjølet som var i gamle oppskrifter kan han endra seg, potetsortane endrar seg. Ta gjerne med dine eigne oppskrifter – her får du forska på og testa ut ulike sortar poteter og ulike typar mjøl.

På dette kurset lærer du meir enn ei oppskrift. Du får innsikt i råvarer, teknikk, konsistens, steiking, lagring og marknaden for tradisjonsbakst. Kurset passar både for deg som vil lære handverket for eiga glede, og for deg som driv serveringsstad eller ønskjer å utvikle eigne produkt for sal.

Saman med Bodil Nordjore får du praktisk trening, kulturhistorie og dei små knepa som gjer forskjellen mellom ei grei og ei fantastisk potetkake.

Tradisjonsbakst er ikkje berre kulturarv – det er også ei moglegheit til å skape verdiar og unike matopplevingar for dagens gjester og kundar. Bli med og lær eit handverk som fortener å leve vidare.

Målgruppe – alle som vil lære seg å bake potetkaker. Driftar du serveringsstad og skal servere huset potetkaker – ja då passar dette kurset ekstra godt.

Du treng ha med: forkle og hovudplagg, innesko. Kjevle om du har sjølv, glatt. Steikespade og fjøgel, samt eigna boksar/innpaking til å ta med ferdiglaga produkt heim.

Innhald:

  • Råvare og teori om potet, mjøl, konsistens og tilsettingar.
  • Potetkaka si historie, kommunikasjon og marknaden i dag.
  • Utstyr, deig og konsistens, steiking, lagring og oppbevaring.
  • Kurset er praktisk, der vi deler oss i stasjonar, øver og praktiserer til teknikken set.

Pris og betingelser

Kursavgift kr. 800,- inkluderer lunsj og produkt med heim.

Overnatting kr 1000,- inkl. frukost laurdag morgon, tingast hos Bergsdalstunet direkte på sms – 93213213

Spørsmål? Ta kontakt:

Cecilia Kippe

Øst-Norge

Cecilia Midtsund Kippe

Rådgiver