Kvar og når
Torsdag 11. juni 2026
Kl. 10.00-16.00
Sognasmak, Læral, Adresse: Håbakken
Påmelding
Du betalar og melder deg på her
Fagansvarlig
Bodil Nordjore
kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Bodil brenner for dei lærande hendene, i dag er vi i ferd med å miste kunnskapen om å bake mellom anna potetkaker, ganske enkelt ved at vi ikkje lenger kopierer frå generasjonen før oss. På dette kurset får potetkaka sitt eige kurs der Bodil gir deg basiskunnskapen du treng for å meistre deig og steike perfekte potetkaker.
Kursinnhald
Baking av potetkaker
Velkommen til kurs som gir deg kunnskapen om å kunne bake dine eigne potetkaker, enten du skal bake til deg sjølv i din serveringsstad, skal bruke kunnskapen privat eller tenker å etablere bedrift for bakst av hellebakst.
Målgruppe – alle som vil lære seg å bake potetkaker. Driftar du serveringsstad og skal servere husets potetkaker – ja, då passar dette kurset ekstra godt.
Du vil få lære å lage potetkaker eller potetlompe frå grunnen av. Bodil Nordjore har skreve boka om lefser og kjem frå Vinje i Telemark. Men ho har også røter i Sogn. Potetkaker var ein gang ei viktig fersk kake i helgane over heile landet . Lomper er kanskje det vi kjenner best i dag som pølselompe. Men for tradisjonsmat som rakfisk er potetlefse ein del av måltidet.
Du treng ha med: forkle og hovudplagg, innesko. Kjevle om du har sjølv, glatt. Steikespade og fjøgel, samt eigna boksar/innpaking til å ta med ferdiglaga produkt heim.
Innhald:
- Råvare og teori om potet, mjøl, konsistens og tilsettingar.
- Potetkaka si historie, kommunikasjon og marknaden i dag.
- Utstyr, deig og konsistens, steiking, lagring og oppbevaring.
- Kurset er praktisk, der vi deler oss i stasjonar, øver og praktiserer til teknikken set.
Oppskrifter på potetkaker er mangfoldig – det kan vere ein ingrediens eller hovderåvara i kaka. Dei kan vere store som ein heil leiv eller mindre kaker. På austlandet heiter det lompe, på vestlandet kaker. Oppskrifta du finn i di familie kan komme frå ulike kjeldar, ofte er dei ikkje ein gang skreve ned, men kanskje finst det ei handskreva oppskrift. Kva om vi forsøkte å samle desse handskrevne oppskriftene i eit lite hefte. Ta bilde av den handskrevne oppskrifta og ta med. Kor mykje rømme hadde ein i, står det noko om sort potet, elting og mengde mjøl – kva type mjøl? Så har vi markeringa av 200 års jubileet for utvandringa frå Norge. Potetkaka levde vidare i det nye landet. Korleis ser dei handskrevne oppskriftene ut der borte?
Ta gjerne med di oppskrift på potetkaker
Kompetansenettverk for lokalmat vil etter kursa ha eit webinar om merking av lefser og hellebakst. Merking av ingrediensar. Haldbarheit, frysing osv.
Sjå websider for meir informasjon: https://kompetansenettverklokalmat.no/
Pris og betingelser
Pris for kurset kr 800,- per deltakar, inkludert lunsj under kurset, kaffi og produkter med heim.
Spørsmål? Ta kontakt:
Vest-Norge
Aud Slettehaug
dagleg leiar



