praktisk kurs
Hvor og når
Tysdag 19. august 2025
kl. 10.00 -17.00
Bergsdalstunet, Bergsdalsvegen 1010, 5722 Dalekvam
Påmelding
Påmelding og betaling her.
Kr 1200,- inkl lunsj og kaffi, demonstrasjonsglas med heim.
Fagansvarlig
Bodil Nordjore
Bodil er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Med brennande engasjement for tradisjonsmat og konserveringsteknikkar, djup respekt for norsk matkultur, hennar lange erfaring med å vidareføre kunnskap innan sylting, safting og hermetisering – held vi kurs midt i frukt og bær sesongen, fagkunnskap og praktisk kompetanse for å ta vare på smaken av natur og sesong enten du skal bevare for eige bruk eller til servering i din restaurant.
Kursinnhold
Hermetisering av frukt og bær må skje når frukta er på sitt beste, topp kvalitet, ditt krydder din signatur.
Safting, syltetøy og hermetisering søt og sur. Desse teknikkane går fort i gløymeboka eller vi tenker at vi har ikkje tid. Men vi har tid, dette tek ikkje lang tid. Vi samlast til kurs ein dag midt i sesongen, får friska opp eller lære frå grunnen av. Utforskar nye smakar og lærer teknikk og flyt for trygg mat, lang haldbarheit og nydelege smakar. Fint å ta fram til å servere gjesten sommaren på ein kald vinterdag, høgtid og fest. Eller! Ha julegåvene klare.
Saft – koke eller rå, blande bær. Saft er så enkelt og gir mengder av gode opplevingar – kan konkurrere med den beste vinen. Driftar du restaurant kan du godt lage di eiga saft. Få gjer dette, men det går godt an.
I Bergsdalen har dei bakaromn, når du kjem er denne varm og inn går brødet – som vi skal smake syltetøy på. Er du interessert i brødbakst i vedfyrt omn – då kan du lære litt om dette på kurset også.
På kurset får du det du treng av glas og flasker, råvarene vi lagar til får du med deg heim. Så er det berre å øve.
Pris og betingelser
Kr 1200,- inkl lunsj og kaffi, demonstrasjonsglas med heim.
Spørsmål? Ta kontakt:

Vest-Norge
Aud Slettehaug
dagleg leiar