Planlegg godt og oppsøk godt samarbeid


Det er upraktisk for oss og uheldig for dyra å sende dei til slakting i Oslo, seier Johan Bjørneby. No byggjer han og kona eige gardsslakteri.
Storfeprodusenter. Kyr.

Tekst Kate Oddlin Hoås Foto Dyster Gård
Teksten ble opprinnelig publisert i Mathåndverk nr. 4, 2022, redigert av Cecilia M. Kippe, 2024

Som ein reaksjon på sentraliseringa av slakterinæringa dei siste tiåra har det etterkvart dukka opp fleire lokale slakteri i Noreg. I Sogn kom Vikja AS i 2006, Voss gardsslakteri på Selheim gard i 2008, og etterkvart fekk også bonden Johan Bjørneby på Ås tanken om å etablere og drive slakteri på eigen gard.

Engasjert fagperson

Bjørneby er en erfaren og engasjert fagperson med lang fartstid som bonde og med stor interesse for arbeidet med dyrehald og produksjon av eigne produkt. Han er oppteken av å kunne utnytte og utvikle både eigen kompetanse og alle ressursar garden har å tilby, og ynskjer å styre og oversjå alle ledd i kjøt- produksjonen, for å forvisse seg om god kjøtkvalitet, god logistikk i arbeidskvardagen og skikkeleg dyrevelferd.

Johan Bjørneby frå Dyster Gård er femte generasjons bonde på familiegarden og driv den saman med kona, Tove. No er ekteparet godt i gong med bygging av nytt slakteri.

Vi begynte å tenke tanken i 2012, og i 2014 hadde vi utarbeida ei stor moglegheitsstudie og gjekk i dialog med Mattilsynet. Ideen vart lagt på hylla og så teken fram att i eit par omgangar, og no er vi endeleg i gong og bygget tek gradvis form. Planen er å vere klar før våronna, fortel ein entusiastisk Johan Bjørneby, som for øvrig vann Bedriftsutviklingsprisen i 2020 for arbeidet dei driv.

T-bone
T-bone fra Dyster Gård. Foto: Dyster Gård.

– Ideen kom naturleg. Vi sel allereie kjøt direkte frå garden, vi dyrkar fôret og produserer det meste av det vi treng, så det var naturleg for oss å strekke oss mot dette. Det er upraktisk for oss, og uheldig for dyra, å sende dei til slakting i Oslo, held han fram.

Både Bjørneby og kona er overtydde om at å slakte dyra i vande omgjevnader og redusere stresset dei kjenner ved lang transport, gjev betre kvalitet på både kjøtet og smaken. For dei er dyrevelferd ein heilt vesentleg del av motivasjonen for gardsslakteri.

Drahjelp og godt samarbeid

Noko av det Bjørneby løftar fram som særleg viktig i samband med å utvikle ideane og planene ein treng for å dra i gong eit slikt prosjekt, er gode samarbeidspartnarar.

Vi har fått god drahjelp av Innovasjon Norge med støtte og rettleiing i planleggings- og utviklingarbeidet. Det har også vore svært viktig for oss å reise rundt til andre småskala slakteri i Noreg og Sverige. På den måten har vi kunne finslipe planene og sjå muligheitene betre. Dei som har gått før oss deler gjerne erfaringar og tankar, seier han.

Johan Bjørneby påpeikar at ein treng både kunnskap og erfaring frå andre hald når ein startar for seg sjølv. Samarbeid med Tom C. Johannesen hos Nofima og besøksordninga i Øst har vore til stor nytte.

Først publisert:


Relevante kurs::