Velkommen til kurs i gjærbakst, surdeig og potetkaker. Bakekurset for deg med begrensa tid, her lærer du teknikkane du treng for å få til fersk bakst i ein travel kvardag.
Hvor og når
Fredag 12 juni kl. 11.00 til laurdag 13 juni kl 16.00
Stad: Sognasmak, Lærdal – i utsalget til Sognasmak, Håbakken ved Felleskjølet.
Påmelding
Informasjon om påmelding her
Fagansvarlig
Bodil Nordjore
kurslærar, ho er utdanna kokk og pedagog, forfattar og ettertrakta føredragshaldar. Ho held på med doktograd om matkultur. Lefseboka vart årets kokebok i 2014. Bodil brenner for dei lærande hendene, brødbaking er viktig i norsk kosthald og tradisjon. Sprø skorpe, god smak og høg kvalitet – visuell nyting og duft.
I dag er vi i ferd med å miste kunnskapen om å bake mellom anna potetkaker, ganske enkelt ved at vi ikkje lenger kopierer frå generasjonen før oss. På dette kurset tek vi inn potetkaka som bakeprodukt der Bodil gir deg basiskunnskapen du treng for å meistre deig og steike perfekte potetkaker.
Øystein Løvlie – driv Vinjesvingen handel og er salsfremjar for Holli Mølle, saman med Bodil har dei skapt Vinjesvingen handel og på dette kurset vil Øystein dele sin kunnskap om kaldheving av deiger, ovner, tidsplanlegging for små produksjonar og god lønnsomheit.
Kursinnhold
detaljert program kjem – her er foreløbig program
- over to dagar lærer du deg grunndeiger for gjørdeig og surdeig
- Bruk av urkorn, gamle mjølsortar
- koking av potet og tillaging av deig for potetkaker
- autolyse og kjemi i deig
Pris og betingelser
Du betalar ved påmelding, kursavgift kr. 1400,- inkl lunsj begge dagar og varer med heim. Ved to frå same bedrift kr 2 200,- for to pers.
Spørsmål? Ta kontakt:
Vest-Norge
Aud Slettehaug
dagleg leiar



